KAKKMADDAFAKKA TOPPER NEW MUSIC FRIDAY NORWAY FOR FØRSTE GANG!
Kakkmaddafakka starta helgen på best mulig måte då Birdsong blei lagt som første låt på New Music Friday Norway. I tillegg pryder bandet header-bildet, noko som gjer øyeblikket ekstra stas på tampen av ein lang turné.
https://open.spotify.com/playlist/37i9dQZF1DWV3RrjH1jDkx?si=dc4e849c678547e6
– Det er veldig kjekt å se Birdsong få denne oppmerksomheten, seier Axel Vindenes fra Stockholm, der bandet spelar i kveld før turen går vidare til Göteborg i morgen. – Det gir ein god følelse å vite at musikken vår finner nye øyrer mens me nærmar oss siste del av turnéen.
Når dei endelig kjem heim til Bergen, gler bandet seg til å roa litt ned, lada opp og kjenna på julestemninga. Det blir ein fin overgang før dei gjer seg klare for årets siste konserter: Oslo 20. desember og Bergen 21. desember. Julekonsertane har blitt eit fast høgdepunkt – og den perfekte måten å runda av eit veldig godt år.
Gratulerer til Kakkmaddafakka med topp-plasseringen på New Music Friday Norway!